Viser arkivet for stikkord passer

Hattar og skjorter vegg i mellom

EM er over, og for eit EM. Det er det mest morosame EM eg har sett. Faktisk så er det vel kanskje det einaste EM eg har sett. Fotball er nemleg ikkje min ting. Og skal eg vera ærleg, så har eg faktisk vore innom hat då eg tidlegare har skildra mitt forhold til fotball.

For det første synes eg sjølve spelet er dritkjedeleg, kostyma er enkle og eg likar slett ikkje massehysteriet på fotball. At alle andre må tilpassa oss mønstra til fotballfanatikarane. Fotballen får all merksemd i massemedia, fotballen okkuperer laurdags, søndags og måndagskveldane på tv og er del av ein massesuggesjon og verdsvekking som eg slettes ikkje er ein del av – og tar sterk avstand frå. Det einaste eg har likt med fotball har vore tippekampane på laurdagen. Det har vore reine sovemedisinen.

Men det var ståa før dette EM. I dette meisterskapet har eg fått med meg glimrande spel, kjedelig spel med like kjedelege ekstraomgongar, men med glitrande straffekonkurransar og mange, lange debattprogram der ein diskuterer lagoppsetning i ente. Ulidelig som det var, var det likevel for ein språkkyndig datanerd som meg svært så spennande å følgje med.

Ein kompis av meg som heller ikkje er verdens største fotballfan spådde nemleg før kampen mellom Polen og Austerrike 12. juni i sona Ka sa eg? at fotballkommentator Semb kom til å ta av seg hatten minst ein gang i løpet av kampen. Sidan den gongen har vi då benka oss opp foran TV-skjermen, laga pizza og drukke øl i kvar vår stue og kvar gong Semb tok av seg eit plagg, har vi sendt vi meldingar til kvarandre. For det er ikkje berre hatten Semb har tatt av og på, skjorta har han tatt av seg for Tyrkia både før og etter kamp. Til tider har det vore så godt spel at klede har flagra i aust og vest i kommentatorboksen.

Og finalen innfridde. Det låg tidleg an til seier til Spania. Hos Semb derimot satt kommentarane lenger inne. Men der, etter at dommaren har blåst av kampen, etter at Semb har kasta skjorta tre gonger for forsvarsspelet, målscorar Torres og heile Spania, tar han av seg hatten også. Sekundet etter tikkar meldinga «hatten!!!!!» inn på pcen. Så vart det eit stasleg EM til slutt likevel. Det er vel noko å ta av seg hatten for.

Annonse